Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Maria får prøve butikkyrket i ei veke

Jon Olav Ørsal Måndag 24. april 2023

Denne veka er Maria Bergli å finne mellom reolane på Matkroken Todalen.  I ei veke får ho prøve butikkyrket som ho tykkjer verkar spennande og dermed hadde lyst til å prøve seg.  Maria går dette året i 9. klasse på Surnadal barne- og ungdomsskule, der ho enno har eit år att.

Det var måndag første dagen i butikkjobben, men ho kjenner alt no at ho trives godt i butikken, både saman med resten av betjeninga og saman med kundane.  Ho tykkjer det er triveleg å treffe folk som ho no kan bli betre kjent med, samtidig som ho får litt føling med korleis det er å jobbe i butikk. 

Maria får nok prøve å jobbe med litt av kvart denne veka, og det tykkjer ho er litt spennande, og det er godt å få litt avveksling frå skulearbeidet.  Etter arbeidsveka blir det nok skule igjen i nokre veker, før det blir tid for tentamen og etter kvart sommarferie.  

Publisert: 24. april 2023, 12:10