Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mari skiftar beite – no blir det Matkroken

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. juli 2024

Den 1. august tek Mari Redalen skrittet og går over til butikkjobb på Matkroken Todalen. Ho har alltid hatt eit ønske om å jobbe på bua – no fekk ho sjansen. Ho har spurt Terje om butikkjobb fleire gong – men det har aldri passa, og ho har fått nei.

I år er det jubileum for Mari – det er 20 år sia ho starta fagutdanninga som helsefagarbeidar.  Da vart det omsorgsarbeid – først i Sunndal og seinare i Surnadal kommune.  Når Terje no overlèt drifta av Matkroken Todalen til Jorid H. Ansnes, så bydde det seg ein ny sjanse til ei heilstilling – og no vart det napp!

– Eg har hatt ei fin tid som helsefagarbeidar og har lika meg godt i jobben, men no bydde det seg altså ein sjanse til å realisere ein gammal draum. Eg søkte, og fekk innvilga eit års permisjon frå heimesjukepleia – og dermed var eg i gang.  Frå 1. august blir det altså jobb på Matkroken, og eg gler med til å starte på. Eg gler meg også til å kunne sykle på jobb – eit par kilometer til butikken på Kvennset blir ein høveleg sykkeltur.

To veker med intensivopplæring med Terje N. er unnagjort. Frå 1. august er det plana at vi skal klare oss sjølve. Foto Jon Olav Ørsal

Har forresten alt starta på litt. – To veker med intensiv opplæring saman med Terje N., der eg skulle prøve å få med meg det beste av hans 52 års lange erfaring. Gler meg også til å få med meg litt av butikkdrifta frå «baksida» – lære meir om korleis butikkdrifta er organisert.  Eg ser alt no at butikkdrifta og omsorgsarbeidet på mange måtar har mange like sider – men ser også at det er store forskjellar.  Begge yrka dreier seg om å yte service, og møte med menneske. 

Publisert: 25. juli 2024, 15:00