Tysdag 11. februar mellom klokka 12:00 – 15:00 vil det vere manuell dirigering med kolonnekøyring gjennom Svinviktunnelen på fylkesveg 6145. Dette på grunn av planlagt arbeid i tunnelen melder Statens vegvesen til redaksjonen.
Så skal ein køyre gjennom Svinviktunnelen i tidsrommet for vegarbeidet på tysdag, så er det lurt å legge inn litt ekstra tid.