Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Manuell dirigering gjennom Svinviktunnelen natt til tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 16. februar 2025

Tysdag 18. februar frå klokka 00:00 til klokka 06:00, altså natt til tysdag, er det manuell dirigering med kolonnekøyring gjennom Svinviktunnelen på Fylkesveg 6145, melder Statens vegvesen til redaksjonen i Todalen.no.  

Grunnen til at det blir manuell dirigering med kolonnekøyring er planlagt vedlikehaldsarbeid i tunnelen. Tidspunktet for vedlikehaldsarbeidet er nok på ei tid av døgnet der det ikkje er all verda med trafikk, men om nokon likevel skal ut å køyre i tidsrommet for vedlikehaldsarbeidet, kan det vere greit å likevel legge inn litt ekstra tid.  

Publisert: 16. februar 2025, 20:34