Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Manntalet lagt ut til gjennomsyn frå måndag 14. juli

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 14. juli 2025
Måndag 8. september er det stortings- og sametingsval. For å kunne stemme ved haustens stortings- og sametingsval må ein stå i manntalet eller samemanntalet. Alle kommunar i Norge er pålagt å gjere manntalet offentleg tilgjengeleg.  
Manntalet for Surnadal kommune er lagt fram til gjennomsyn frå måndag 14. juli og fram til og med valdagen 8. september på desse stadane:

  • Servicetorget på Surnadal kommunehus
  • Biblioteket på Surnadal kulturhus

Dersom ein ikkje står i manntalet eller ein meiner det er andre feil, kan ein sende skriftleg klage eller søke om å bli innført i manntalet.

Dette skal vere begrunna og sendast skriftleg til valstyret:

Surnadal valstyre
Bårdshaugvegen 1
6650 Surnadal

Surnadal kommunestyre vedtok i sitt møte 18. februar i år å ikkje ha stemmelokalar i Todalen, Øvre Surnadal (Mo) og i Bøfjorden. Oversikt over kvar ein kan stemme ved haustens val finn ein på stemme ved stortings- og sametingsvalet i Surnadal kommune

Publisert: 14. juli 2025, 18:09