Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mangfoldig Nordmørskveld på Pakkhuset

Jon Olav Ørsal Fredag 7. august 2015

Torsdag kveld var det ny runde på Pakkhuset Kro – Nordmørskveld med gode underhaldningskrefter som fikk til god stemning i eit fullsett festlokale. Det heile starta med traktering med Siri Lunds «patenterte» klippfisksuppe, som etter kvart vart avløyst av flotte kulturelle innslag med lokale aktørar på scenekanten.

Dette var tredje gongen at det blir arrangert Nordmørskveld under «Hoem-veka» på Todalen Brygge. Det er Hoem/Halle-slekta frå som har sitt årlege familietreff i Todalen, og når det står Nordmørskveld på programmet blir bygdefolket og turistar invitert til å delta. Vertinna Synnøve Helland kunne også i år ønskje eit fullsett lokale velkomne til underhaldningskveld og førstemann på scena var Johan Øiestad som gjorde ein kongeleg entre. Han hadde også med helsingar både frå dronninga og svigersonen som på det næraste er nordmøring.  Vidare hadde Anne Lise Bøe Bævre ein flott monolog som appelerte godt til publikum. – Sidan gikk det slag i slag med Dagny Marie Øiestad med Hyldbakkteksta «Pollakarrain», før Johan Øiestad igjen entra scena i kjent stil som Rosenborgtrenaren Eggen, med siste nytt frå Rosenborgfronten.

Anne Lise fortalte at ho har ferierer i «Gammelsaga» så ofte ho kan, og blir meir og meir begeistra for Todalen. – «Er faktisk i ferd med å bli meir Todaling enn Kristiansunder», sa ho, og hausta sjølvsagt applaus for det. – Ho er iallfall ein dyktig scenekunstner, og kan nok berike kulturlivet i Todalen. Ho hadde med seg ektemann Inge Bævre på gitar og Svein Høvard Saksen på scena og framførte tekster både av Frode Alnes, Jan Erik Larsen og Elg. Johan Øiestad hadde fleire rundar på scena, og vi fikk fleire av glansnumra når han imiterte Torvald Stoltenberg, Åge Hareide, Ole Gunnar Solskjær og Tor erling Staff for å nemne nokre. Dagny Marie runda av første akt med sitt Dolly Parton-innslag.  Etter pausen fortsette Kitty Eide med sitt allsongprogram med kjent og kjære songar etter lokale tekstforfattarar – Nordmørsminne, Todalssongen og mange flleire.

Bildegalleri av underhaldningskreftene under Nordmørskvelden på Pakkhuset Kro.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

 

 

Publisert: 7. august 2015, 09:27