Kvar sommar dukkar problemet med mangelfull informasjon om hytte- og fritidsrenovasjon opp. Dette gjeld både kvar ein kan få levert avfall, men også om kvar ein kan få tømt campingtoaletta på campingvogner og bubilar.
Det er hytte- og fritidsrenovasjon lokalisert ved Talgø i Todalen og rett før Haugen vegkryss, som dekker området Todalen, Nordvik og omegn. Likevel opplever fleire private, som har avfallsdunkane sine ved vegen at søppel blir kasta i dei private dunkane, noko som sjølvsagt fører til overfylte dunkar.
På Nordvik har fem naboar gått saman om felles avfallsdunkar. Desse dunkane er større enn vanlege dunkar og plassert ved vegen. Odd Arild Sande fortel at dei fleire gonger i sommar har opplevd at afallsdunkane har blitt overfylt, fordi turistar trur dette er offentlege avfallsdunkar som kan nyttast, og det er ikkje så rart, både med tanke på plassering og storleik.
Sande etterlyser betre informasjon til turistane om kvar dei finn hytte- og fritidsrenovasjon samt stadar for tømming av campingtoaletta. – Dette er det Remidt og Surnadal kommune sitt ansvar å informere om, seier han. Han har både i sommar og tidlegare år snakka med turistar, som ikkje er klar over kvar dei finn avfallsdunkane for hytte- og fritidsrenovasjon.
– Turistane gjer så godt dei kan, så dette handlar berre om betre informasjon på norsk, engelsk og tysk , noko det må vere enkelt å få gjort noko med til neste turistsesong, avsluttar Sande.