Mange nytta dagen til både å sjå korleis maten blir produsert i dagens moderne jordbruk, samt å ta ein prat med kolleger og andre kjentfolk om båa laust og fast. Vertsfolket sørga for at dei som var innom fekk informasjon om drifta og visete rundt slik at folk fekk sjå korleis drifta foregår. I hønseriet var det full aktivitet med sortering og pakking av egg som skulle leverast over helga.
Pestua leverer rundt 400 oksar til slaktig kvart år. Da er oksane knappe eit år gamle og etter intensiv foring er dei da i passende størrelse, slik markedet vil ha dei. Dei blir fora med silo, saman med ei kraftforblanding, og går inni fjøset og ut på forbrettet på eit transportband. I Pestua driv dei grasproduksjon på over 1000 dekar for å få nok for til oksane.
I hønseriet produseres det rundt 7500 egg kvar dag, som leveres til Prior for vidare distribusjon ut i butikkane rundt om i landet. Hønene er i full produksjon eit par år før dei blir skifta ut med nye.
Nedafor finn du eit bildegalleri fra «Open dag» i Pestua. Alle foto: Jon Olav Ørsal.