Tirsdag ettermiddag var det duka for Sanitetens årlege Løftatur. Mange deltakarar i alle aldersgrupper stilte opp for å gå runden oppå Løfta og nedatt til Sanitetshuset. Årleg vert det over heile landet arrangert Sanitetens veke med ulike tema. Tema i år var fysisk aktivitet og ernæring.
I den anledning var det oppsett natursti med frukt og grønsaker på kvar post, og når alle saman kom ned i Sanitetshuset vart det servering av ulike TINE drikkar. Dette var det TINE-ambassadør Gunn Tove Svinvik som ordna med.
Så vart det utloddning, noko som alltid fengar blandt dei yngre i allefall.