Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mange på bokslepp for fin og interessant bok

Dordi Jorunn Halle Torsdag 6. desember 2018

«Kjøle med folk for ei lita bok, men velkomne er de alle saman», slik opna Lars Steinar Ansnes boksleppet på Stangvik skule onsdag kveld. Her presenterte han i lag med Erling Myrbostad og Torbjørn Polden den nye boka «Under Skarfjellet». Desse tre karane har arbeidd i lag om bokprosjekt i vel ti år. Den første boka om Kvenndalen kom i 2010, den neste om Søyådalen i 2015 og no ei lokalhistorisk bok om nærområdet, altså «nedom ovagjerdsutgarden» på Lykkjeeidet og i Lykkjebygda. Dette er ei bok med breitt emneval, men kvardagsleg.

I forordet skriv forfattarane: «Etter nokre hektiske år med fullføring av bøkene om Kvenndalen og Søyådalen, var det nødvendig med ein pause i bokarbeidet. Karane var slitne. Men det rart kor fort ein gløymer, og lysta til å grave meir i lokalhistoria kom snart att». Og dette har resultert i ei interessant, variert og lettlesen bok som er rikt illustrert med utruleg mange fine og verdifulle bilete. Lars Steinar Ansnes fortalde at dei har ein svært stor biletbase som dei ønskte å gjere noko meir ut av; først tenkte forfattarane på ei biletbok, men heldigvis valde dei å ta bileta inn i ei lokalhistorisk bok. Bileta har dei sjølve skanna frå album rundt om i heimane. Og likeså har dei prata med mykje folk, og forfattarane kan tydelegvis kunsten med å finne dei rette personane, få folk i tale og få fram verdifull kunnskap og gode historier. 

Illustrasjon av hopping over vegen på Haugen. Teikning av Torbjørn Polden.

I boka er det fyldige artiklar om «Skule sidan 1700-talet», «Dei første motoriserte kjøretøya», «Spelemannstradisjonen » og «Eit rikt song- og musikkliv.» Det er også mykje om idrett, først ein artikkel om «Gamle idrettar» som broktak og lyftingsstein. Vidare om «Vinteridretten – ein sterk tradisjon» og «Jon Polden – landskjent skirennar».

Her er det også fleire portrett; Jon Østbø har skrive om far sin: «Bjarne Østbø – skulemann, språkmann og forfattar». Mindre kjende personar får vi også bli kjent med som «Ainn Åshaujga» – ei kvardagskvinne frå Eidet og «Stor-Elen – fargeklatt og målar». Boka er krydra med små historier og anekdotar som «Brennevinstjuveri» og «Sildballtreet i Polla».

 I skuleartikkelen finn vi ei lita historie som heiter «Kjedeleg stil»: Endre G. Holten (Myrholten) fortalte at han hadde i minste laget med fantasi når han skreiv stil, så Peder Moen (læraren) gav han denne kommentaren etter ein av stilane: «Stilen din Endre er ortografisk omtrent aldeles rett, men så turr, så turr, at han treng skvettast med vatn».

Forfattarane er frå venstre Erling Myrbostad, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes. Foto: Dordi J H

Boka «Under Skarfjellet. Lokalhistorie frå Eidet og Lykkjebygda» er ei tiltalande og fint oppbygd bok med godt og variert innhald – trur riktig mange vil få glede av denne boka. Og ikkje minst så ser det ut til at forfattarane har det kjekt når dei skriv og lagar bøker i lag. Det er tre forskjellige karar som utfyller kvarandre både under arbeidet med bøkene, men også ved presentasjonen av boka. Lars Steinar fortalde om bakgrunnen for boka, om korleis dei har arbeidd med boka og han takka mange gode hjelparar! Torbjørn presenterte innhaldet i boka på rim, og Erling presenterte boka med bilete!

Da er det berre å gle seg til neste bok som kjem om eit halvt års tid, da blir det nye tema som sommaridrett, foreningsliv, Losje Sigyn, traktorar og andre doningar, Aldersheimen på Åsen og mykje meir. Og om eit år kjem siste bandet i denne triologien, men alle har felles hovudtittel: «Under Skarfjellet». Skarfjellet er «paraplyen» for forfattarane – alle bøkene er linka til Skarfjellet som ligg ovanfor Kvennbøgardane og med Kristiansvarden i framkant – eit landemerke når ein kjører frå Haugahyllå i retning Surnadal.

«Ein stol er tom i kveld» – Lars Steinar Ansnes starta med desse orda da han mintest Martinus Ranheim som brått gjekk bort laurdag 1. desember. Martinus var svært oppteken av folk og lokalhistorie i bygda, ivrig medlem i historielaget og eit lokalhistorisk leksikon. Han vil bli sakna.

Stor interesse for lokalhistoria, fullt hus på Stangvik skule. Foto: Dordi J H

Foto: Dordi J H

 

 

 

 

Først publisert: 6. desember 2018, 00:42 - Sist oppdatert: 24. februar 2020, 00:19