Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal melder at no er Stikk UT!-turmåla for sommarsesongen 2017 klare. Det er opplegg for Stikk UT!-turar i 16 kommunar på Nordmøre og i Romsdal. Smøla kommune er i år med på dette opplegget for første gongen. I alt er det 194 turmål å velje mellom!
Stikk UT!-sesongen startar 1. mai, og detaljerte opplysningar om turane blir lagt ut på stikkut.no fredag 21.april. I veke 17 blir det sendt ut brosjyre med kart og opplysningar om alle turmåla til 47 000 husstandar på Nordmøre og i Romsdal.
I Surnadal kommune er det i år 12 turmål, og mange av dei er nye, men både Storhaugen, Svinvikrunden og Sulå er framleis med, og det same er Kleiva og Kallset. Strengen er ikkje Stikk UT!-tur i år, men Storsetra i Stangvika er kome med som nytt turmål.
Dei andre turmåla i kommunen vår er:
- Bølia – start frå Bølandet.
- Kristiansvarden på Skarfjellet – start frå Kvenndalsvegen
- Liabekken om setervegen – start frå Sande i Øvre Surnadal, her det trimpost for ØSIL.
- Roparen – start frå Alpinsenteret.
- Solemsetra frå Litlvika – start frå Solem i Hamnesfjorden, trimpost for Bæverfjord il.
- Syltnebba frå Surnadalsøra/Rognpilvgen
Alle desse seks turmåla er nye av året.
Viss ein vil lese meir om turane før Stikk UT!-kartet kjem i postkassen, kan ein gå inn på morotur.no eller berre søke på turnamna.
Da er det berre å gle seg til sesongen startar med turar til mange spennande og fine turmål der det både er godt merka ruter, og det er lagt til rette for parkering.