Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mange muligheiter til å søkje om pengar

Elinor Bolme Tysdag 27. mars 2018

Kultureininga i Surnadal kommune minner om søknadsfristane på dei ulike tilskottsordningane for første halvår 2018. 

 

Søknadsfrist er 15. april for:

  • Kleivafondet (til kulturelle og lokalhistoriske prosjekt; ikkje driftstiltak). Ikkje eige søknadsskjema, send inn omtale og budsjett til Surnadal kommune (Bårdshaugv. 1, 6650) eller til post@surnadal.kommune.no.
  • Kleivaprisen: send inn framlegg til Surnadal kommune på kandidatar, med grunngjeving, som gjer ein særleg innsats for det lokale kulturliv og/eller bygdesoge på frivillig basis (same adresse som over)

Søknadsfrist er 30. april for:

  • Frivillige lag og organisasjonar og forsamlingshus som skal søkje om kulturmidlar og oppstartingstilskot (skjema KF 402 / kulturmidlar) Kulturmidlane er fordelt slik: Idretts- og skytterlag – 200 000, Song- og musikklag – 60 000, andre lag og organisasjonar – 50 000 kroner. https://skjema.kf.no/FormsEngine/?wizardId=1492&externalId=1566

Ta kontakt med kulturavdelinga om de planlegg nyanlegg eller rehabilitering av anlegg som kan få spelemidlar – helst tidlegast muleg i prosessen, søknadsfrist til kommunen er seinast 15. oktober.

Ein finn alle skjema tilgjengeleg for utfylling på www.surnadal.kommune.no. Ta gjerne kontakt med kultureininga (911 12 416) om de møter problem med dette eller har spørsmål.

Publisert: 27. mars 2018, 17:22