Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mange møtte opp på dugnad

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 29. juni 2022

I kveld var det dugnad på Bordholmen stadion for å klargjere anlegget til Todalsdagen, som blir arrangert laurdag 2. juli frå klokka 10:00 og til eit godt stykke ut på ettermiddagen. Mange møtte opp for å vere med på dugnaden. 

Kløpping, raking og bortkøyring av gras må til. Foto: Elinor Bolme

Ein del av dugnadsgjengane klipte graset på rundt kantane på anlegget og unde tribunane, slik at anlegget skal vere så fint som mogleg til laurdagen. 

Kantslått. Foto: Elinor Bolme

Andre spadde opp mose og gras rundt plattingane og trapper, medan andre fiksa premiane til TodalsCupen 2022. 

Det blir fine premiar til alle spelarane under TodalsCupen 2022 også! Foto: Elinor Bolme

Teltet vart også rigga og benkar henta og sett på plass, i fall det skal bli nedbør, eller aller helst, for å kunne søke litt ly i skuggen for sola! 

Ballbingen blir klargjort til fotballcup. Foto: Elinor Bolme

Det vart også tid til litt rydding rundt om på anlegget og anne småtteri som måtte ordnast for laurdagen. 

Kaffepause med litt å bite i høyrer med! Foto: Elinor Bolme

Det vart også tid til ein kaffepause med kaffe og skuffkake i finvêret!

 

Det trengs mange bord til Todalsdagen. Foto: Elinor Bolme

Litt assistanse må til. Foto: Elinor Bolme

 

Publisert: 29. juni 2022, 20:38