Trimgruppa i Todalen I.L. arrangerte OL-kaffe i turstien søndag ettermiddag. Det vart ein stor suksess, sjøl om Klæboe ikkje innfridde forventningene om OL-medalje i Beijing. Elinor Bolme, som er leiar i trimgruppa fortalte at dei hadde servert kaffe og nystekte kanelsnurrar til 50-60 deltakarar som var møtt opp.

Registreringpunktet for både TIL-trimmen og StikkUT vinter. Palmer og Anna-Britt frå Nordvik og Liv Jorunn og Øystein Moe. Palmer sakna skilt med Nordvik, så kanskje han tek oppfordringa og lagar eit? Foto Jon Olav Ørsal
Etter to år med koronapandemi er det tydeleg at det er stort behov for å treffe folk og å være sosiale – i tillegg til at folk likar å trimme og halde seg i form. Den nye turappen som trimgruppa lanserte 1. oktober, «På tur i Todalen» har vorte populær og har pr i dag 138 brukarar, og det kjem stadig nye til. Det er 25 forskjellige turmål i denne appen, og har kan du avgjera sjølv om du vil konkurrere med alle – eller om du berre vil konkurrere med deg sjølv.
Det er iallfall ingen tvil om at både bygdefolket og utabygds trimmarar sett stor pris på opplegget, og med slik oppslutning vil nok trimgruppa fortsett å arrangere «trefningar» på slike sosiale punkt. Vi har lagt ut nokre bilder frå «OL-kaffen» i ved Båthølen – sjå om du «treffer» kjentfolk?

Rundt 50-60 personar møtte opp på OL-kaffe i gapahuken ved Båthølen. Triveleg å treffes på denne måten, tykte mange. Trimgruppa vil vel følge opp ønsket om fleire slike treff etter kvart. Foto Jon Olav Ørsal