Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mange kom på «påskequiz»

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 16. april 2025

Onsdag kveld inviterte Todalen bøgdalag til «påskequiz» i Todalen ungdomshus, og mange responderte på invitasjonen og tok turen til ungdomshuset. 

Dei godt og vel femti som deltok var fordelt på 9 lag. Det var totalt tretti spørsmål fordelt på tre bolkar, med ein liten pause imellom. 

Svein Håvard Brøndbo var quizmaster og hadde laga ein bra quiz med varierande spørsmål. Dei første ti var av lokal art, medan dei ti neste var påsjerelaterte. Dei siste ti hadde han kalla lett blanding, utan at dei var spesielt lette av den grunn.

Vinnarar av årets «påskequiz» vart laget Joker Nord med 22 poeng, tett fulgt av Havila med 21 poeng. 

Todalen bøgdalag kan notere seg for nok ein suksess med «påskequiz»

Først publisert: 16. april 2025, 21:27 - Sist oppdatert: 17. april 2025, 09:59