Som tidlegare nemt er Norway Cup no starta for fullt på Ekebergsletta og andre nærliggande banar. 4200 kampar fordelt på 60 nasjoner, rungt 1600 lag og ca 30 000 unge fotballspelarar. Spelarane er innlosjerte på skular rundt om i nærområdet til banane, medan dei mange foreldra som er med nedover stort sett tek inn på hotell, hos slekt og venner eller nyter campinglivet i hovedstaden. Delegasjonen tilhøyrande dei to G14 laga og det eine J14 laget frå Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen tel i år heile 150 personar.
Bildet viser to spelarar som nok ikkje er medrekna denne troppen; Ørjan Nes Haugen og Brage Hauglann Talgø, som spelar for G19 Sunndal. Dei vann forøvrig sin første kamp 5-0 i kveld mot Bremnes 2. Dei spelar neste kamp i morgon kl 12. «Oslotodaling» Gunn Talgø var naturleg vis på Ekebergsletta for å heie på tantegut Brage.
Surnadal IL stiller også i turneringa med laga J14, J16, G14 og G16. Kampoppsetta for alle laga kan ein finne via denne linken: Kampoppsett