Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mange har nytta høvet til å forhandsrøyste til Stortingsvalet

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. august 2025

I foajen på ulturhuset sitt det to blide damer som gjerne ser at du stikk innom dem ein tur.  Torill Helgetun og Randi Glærum fortel at dei tek i mot førehandsrøyster til Stortingsvalet, og har alt fått inn 715, og no blir det erfaringsvis fleire for kvar dag som går og valet nærmar seg.

Valdagen er måndag 8. september og dersom du ikkje har høve til å stille opp da, så er det lurt å nytte høvet til førehandsrøysting. På Kulturhuset er det høve til å førehandsrøyste fram til fredag 5. september  kl 15:30.  Det er ope for røysting frå måndag til fredag frå kl 9:00 til 17:00, men siste dagen som er fredag 5. september er det altså ope til 15:30!  Og Torill og Randi minner om at det er i foajen på Kulturhuset dei har tilhald med førehandsvalet!  Bruk røysteretten din, oppfordrar Torill og Randi!

Det er i foajen på Kulturhuset du kan førehandsrøyste fram til fredag 5. september kl 15:30. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 27. august 2025, 16:00