Todalen Sanitetsforening arrangerte i går sin årlege basar. Her var det stort oppmøte av bygdafolket, noko som resulterte i nesten 39 000 innkomne kroner. Sanitetsforeninga hadde heile tre ulike basarbord; der det eine med nesten 60 gevinstar var ei forlenging av hovudlista, medan «Dagen bord» og «Barnebordet» kun vart solgt under sjølve basaren.
Mor og tante Astrid Roaldset med Bastian og Andreas måtte naturlegvis ta lodd på Barnebordet.
Jorunn Ness og Christian Forbregd blir enige om loddsalget.
Godt gamaldags åresalg er alltid populært, både blandt gammel og ung.
Under er trekningslistene frå alle dei tre trekningene.
Trekningsliste hovudbord 14.10.2012
Trekningsliste Dagens bord 14.10.2012
Trekningsliste Barnebordet. Basar 14.10.2012.
Styret i Todalen SAnitetsforening ved leiar Åse V Redalen nyttar høvet til å takke alle som var med og støtta både før og under basaren.