Svinviks arboret fikk skikkeleg napp på podekurset dei arrangerte. Rundt 2o deltakarar møtte opp for å lære å pode frukttre, og dei fikk først litt innføring i podekunsten, før dei fikk prøve seg på eigne podekvistar med både epletre og kirsebærtre.
Arboretet samarbeider med Norsk Genresurssenter  for å sikre seg gener til fleire gamle fruktsortar.  Det er viktig at dei forskjellige sortane finns på fleire plassar i tilfelle sjukdom eller anna årsak fører til at dei dør ut. Svinviks arboret blir ein av plassane med slik klonarkiv for frukttre, og skal i år pode 25 eldre sortar av kirsebær som finns bevart på Ullensvang. Tilsaman skal det podes rundt 100 tre av kirsebær i Svinvika, fortalte Katarina Wedelsbäck-Bladh som var kursleiar.
I Svinvika skal dei i år fortsette arbeidet  med å  restaurere den gamle frukthagen. I fjor vart det poda ca 25 sorter av epler, og i år ca blir det rundt 20 sorter.   Da står det att å ta vare på den siste tredjedelen til neste år, for å få tilbake alle 65 sortene som Halvard hadde i den gamle  frukthagen i arboretet. 
Nedafor har vi lagt ut eit bildegalleri frå podekurset i arboretet.  Alle foto: Sven Olav Svinvik og Katarina Wedelsbäck-Bladh
	
