Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Mange får desverre ikkje sjå.

Mange får desverre ikkje sjå.

Elinor Bolme Torsdag 8. juli 2010

Sommar, turistar og lokale attraksjonar. Dette er i hovudsak viktige element for å framstå som eit potensielt reisemål. Då er det med undring mange turistar faktisk kjem til bygda vår med uforretta sak.

I dei siste dagane har det vore fleire eksempel på turistar og andre tilreisande som skulle ta turen til Svinviks Arboret, men som har møtt ein stengt port til det populære turmålet. Hagen er stengt mandag, tirsdag og onsdag i sommar. Og det fysisk, for av plakaten som står ved inngangsporten er det ikkje høve til å beskue den utanom opningstidene. Dette fordi anlegget er ein museumshage, og då er det pålagt med bemanning for å ivareta verdiane som er på staden, kan styrar Dordi Kjersti Mogstad fortelje.

Ho kan og fortelja at etter Surnadal kommune kom inn som eigar, vart dei økonomiske rammene for den daglege drifta betrakteleg strammare enn før. Og dette har då resultert i at ho og dei andre tilsette ved arboretet lyt halde stengt to dagar meir enn sist år. Og det er verkeleg trist meiner ho, når ein veit kor bra besøkstalet dei to foregåande åra har vore.  Så med litt romslegare midlar driftsmessig, skulle vi gjerne ha opna fleire dagar i sommar, avsluttar Mogstad.

Publisert: 8. juli 2010, 22:00