Påmeldingsfristen for NM randonee individuelt i går ut i kveld – i morgontimane er det i overkant av 20 påmeldte, men det blir nok fleire før dagen er omme. Rennleiar Nils Ove Bruset seier at det er fine forhold og oppfordrar fleire til iå stille opp og delta i trimklassen.
Fint er det også for publikum, og vêrmeldinga er nok på di side, for sjølv om det kanskje ikkje blir så mykje solgløtt så er det meldt nokre få kuldegrader og mesta vindstille. Laurdag blir det også filming av arrangementet, med bruk av både droner og fastkamera rundt om kring i løypetraseen.
For påmelding er det berre å logge seg på nettsida til Norges Skiforbund og følge instruksjonen du får der. Bruset minner om at det er fine gåvepremiar som blir trekte ut mellom deltakarane!