Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mange deltok i flott julegudsteneste

Jon Olav Ørsal Sundag 24. desember 2017

Det var ei flott og stemningsfull julegudsteneste i kyrkja i dag – med Kirsti Hjørnevik som liturg, Bernt Bøe som organist og musikalsk innspel frå Torgeir Leivdal på fiolin.  Det var godt over hundre sambygdingar og tilreisande som deltok i årets julegudsteneste. 

Kirsti fikk også god hjelp av borna til å illustrere og skape stemning rund juleevangeliets budskap som var tema for dagens preken. Den store stemningsskaparen på julaftan er sjølvsagt salmesongen, og med nyreparert orgel var salmesongen både kraftfull og stemningsskapande.  I tur og orden fikk vi høre både «Jeg er så glad hver julekveld», «Et barn er født i Betlehem», «Glade jul, hellige jul» og ikkje minst Deilig er jorden som var avslutningssalme. Heilt til slutt spela Torgeir Leivdal «Juleverset frå Stangvik» på sin fiolin.

Bildeglimt frå dagens gudsteneste  –  alle foto: Jon Olav Ørsal

 

 

 

 

Publisert: 24. desember 2017, 17:24