Nærare hundre historieinteresserte todalingar stakk innom Ungdomshuset for å hente/kjøpe det nye årsskriftet søndag ettermiddag. Det var Todalen historielag som arrangerte bokbad og premiere for det nye årsskrifte, og iviterte todalingane på ettermiddagskaffe. Da var det også høve til å kjøpe eldre utgåver av årsskriftet, og andre publikasjonar som laget har laga eller har for salg.
Samtidig var det lagt ut gamle protokollar og anna gammelt materiale som det var høve til å ta i nærare øyesyn. Interessen var stor, og ledar i Todalen historielag Maren Ansnes, var godt nøgd med responsen frå bygdefolket. Det var veldig sosialt å treffast på denne måten for å disktere laust og fast, og det nye årsskriftet var det god respons på, seier Maren Ansnes. Ho minner om årsskriftet er eit godt julegåvetips til utflytta todalingar, og det var nok mange som tok det tipset allerede første salgsdagen. Årsskriftet blir til salgs på ICA Todalen og hos Wenche Kvendset.
Eivind Grønmyr orienterte om at Todalen Bondelag ønsker å kome i kontakt med folk som har gamle protokollar og bilde for bruk til lagets historie. Bondelaget feirer 90 år i år, og det er arbeidd med å skrive historia for laget. Det er kvardagsbilde frå gardsarbeidet som er mest interessant. Spesielt bilde frå onnaarbeid, potetopptaking, husdyr, manskiner og hjelpemidler i bruk o.l. Ta kontakt med Eivind eller Maren i historielaget dersom du har noko slikt.
Bildegalleri frå «Bokbadet» søndag ettermiddag. Alle foto: Jon Olav Ørsal