Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Måndagstur i Gammelvegen.

Dordi Jorunn Halle Sundag 26. mars 2017

Kløverturen måndag 27. mars blir ute i Gammelvegen –  vi går deler av Svinvikrunden.

Som vanleg er det oppmøte ved Matkroken kl. 11.00. Derifrå blir det samkjøring utover til Snøya eventuelt Kammen. Her kan ein gå i eige tempo etter dei flatare partia av vegen, eller ta turen ned til Svinvika og oppatt. Dersom nokon ønsker litt ekstra trim i bakkar, kan ein ta ein runde oppover til Hjellnes.

Laurdag var Gammelvegen fri for snø, tørr og fin.

Alle – både «gamle» og «nye» trimmarar er velkomne til å bli med ut på tur!

Info om turmål 3. april blir å finne i aktivitetskalenderen til todalen.no.

Fint ver og triveleg Kløvertur oppå Tjønnmyrå 20. mars. Foto: Dordi J H

 

Publisert: 26. mars 2017, 15:08