Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Måndagstrimmen på sykkel

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. mai 2024

Kvar måndagskveld er det trim for denne gjengen – vinters tid skjer det på «Hett & Svett» eller på Tjønnmyran, men på slike fine kveldar som i går kveld så tek dei sykkelen og langdevegen fatt. I går kveld gjekk turen først rundt bygda om Bruset, og så vidare utover strandavegen til rasteplassen.  Tilsammen rund 20 km totalt – og passeleg kveldstrim.

Etterpå var det som vanleg sosial samling og ein kaffedråppe med noko til.  Sosialt og triveleg opplegg som mange av denne gjengen har halde på med i fleire år.  På bildet på framsida er gjengen samla utafor Matkroken Todalen – frå venstre Terje Nordvik, Johan T. Hals, Gudmund K. Kvendset, Kjetil Sogge, Odd Arild Sande, Anders Halset, Einar Husby, Knut Halset Torkjel A. Moe og Kristian H. Gjeldnes.  

Publisert: 14. mai 2024, 08:37