Svorka Aksess melder at fiberkabelen inn til Todalen er reparert og sett i drift rundt kl 21.30. Det var brot i fiberkabelen på strekninga Eidet-Polden som var årsak til at abbonnentane i Todalen mista breibandsleveransen i løpet av natta.
Reparasjonen av fiberkabelen tok litt lengre tid enn dei rekna med, da noko av arbeidet måtte gjerast om. Svorkagjengen har stått på i heile dag – først for å finne feilen og etterpå for å få reparert skaden som hadde oppstått og forårsaka brotet.