Fredag var det full aktivitet med førebuing til legging av fast dekke i Pilskaret. Både gravemaskin og veihøvel var på plass, og retta opp og jamna til slik at det er klart til måndag når asfaltleggaren dukkar opp. Det var litt tele på kantane, med det var ikkje verre enn at veihøvelen bokstaveleg fortalt gjorde «vei i vellinga».
Det er Veidekke Industri som har prosjektet med reparasjon og legging av nytt dekke, og det skjer da både i Pilskaret, dei to felta i Husbyevja og på Todalsøra. Det var nok mange som var spent på om dei rakk å få på fast dekke på desse vegstumpene før vinteren sette inn for alvor, men det bklir det alså no.