Vinnar av månadens bilete for november blei Kristian Gjeldes med biletet Fiskaren, som stakk av med omtrent halvparten av stemmene som kom inn. Vi gratulerer, takkar alle bidragsytarar og lovar at premien blir overbragt snart.
Vi treng bilete utover vinteren, så vi oppfordrar derfor å sende inn bilete til oss på red@todalen.no. Bilete som gir julestemning håpar vi å kunne legge ut dei neste to vekene, har du kanskje eit julemotiv?
Nedanfor ser du månadens kandidatar og fotografane.