Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Månadens bilete: Blåtimen

Ole Petter Talgø Torsdag 12. januar 2017

Årets siste månadens bilete blei «Blåtimen» av Ingrid Kvendset, av eit velkjent og populært motiv. Det blei ei jamn avstemning med god deltaking, men vinnarbiletet fekk 10-20 stemmer meir enn dei tre nest mest populære. Vi gratulerer og lovar at premien blir overbragt ved første anledning. Dette betyr at vi har funne alle kandidatene til årets bilete 2016, og vi setter i gong avstemninga snarleg. For avstemninga til årets bilete vil det bli litt meir tid enn dei månedlege avstemingene, og vi avsluttar stemmegivinga 22. januar.

Vi treng stadig nye bilete, så send inn til oss på e-post red@todalen.no.

Nedanfor ser du alle kandidatane med fotograf, og vi takkar for alle bidrag gjennom månaden og året!

Blåtimen, av Ingrid Kvendset

Hauststemning, av Dordi Jorunn Halle

Frå Drivvatnet, av Kristian Gjeldnes

Fint i haustfjellet, av Torill Gjeldnes

Jul i Blåfjell, av Ingri Bruset

Låg novembersol, av Jon Bruset

Publisert: 12. januar 2017, 04:29