Surnadal kino hadde som målsetting å nå 700 i besøk på «Mamma Mia 2». No ligg det an til enno betre tal. For det var 371 som fekk med seg «Mamma Mia – Here We Go Again» på opningshelga, og det er knapt 100 som allereie har reservert billettar til komande framsyningar.
Filmen vil gå på alle dagar denne veka, og dei fleste dagar i neste veke. Filmen vil bli vist på dagtid på nokre dagar, og kveld på andre.
«Hotell Transylvania 3», «Skyscraper» og «Ant-Man and The Wasp» er alternativa fram til «Mission: Impossible 6» får premiere fredag 3. august