Onsdag kveld var det duka for nytt lokaloppgjer på Bordholmen, da mellom Søya/Todalen G 10 og Surnadal G 10 – 5. Det vart ein underhaldande kamp med mange gode skott, store målsjansar og gode redningar framfor båe måla. Mange fine skåringar vart det, og. Dei unge fotballspelarane var dyktige, og innsatsen var stor frå båe laga.
Heimelaget var litt heldige og fekk god medvind i siste del av første omgang, det er ikkje noko ulempe på fotballbanen. Kampen var artig og målrik med over 20 mål til saman på dei to laga, og det var heimelaget Søya/Todalen som gjekk av med sigeren.
Trenar for Søya/Todalen G 10 er Lars Inge Kvande, medan Bjørn Gunnar Ansnes er lagleiar. For Surnadal G 10, 5, er Anders Grimsmo trenar, og John Øye er lagleiar. Dommar for denne kampen var Emma Sæther.
Det var god stemning både på og utanfor banen. Dei vaksne nytta høvet til å ta ettermiddagskaffen og få ein triveleg prat på Bordholmen, medan trøbilane og trøsyklane er populære mellom den yngre garde.