Målrik kamp på Bordholmen
Onsdag kveld var det fotballkamp i klassen gutar ti år på Bordholmen, Søya/Todalen møtte Surnadal 4.
Surnadal 4 i klassen G 10 er klare til kamp. Frå venstre: Micolaj, Adrian, Lasse og Råg. Fremst Peter, og bak trenar Raymond Svensli. Foto: D.J.H.
Søya/Todalen – gutane gler seg til kamp. Frå venstre: Martin, Ingebrigt, Johan, Anders, Trym og Knut Tore. Fremst: Van Adrian. Foto: D.J.H.
Det vart ein artig og spennade kamp med riktig god innsats og mange store målsjansar! Mange mål vart det og, kampen enda uavgjort 8 – 8, eit perfekt resultat! Både spelarane og trenarane var godt godt fornøgde etter kampen. Vi ønskjer dei unge fotballspelarane lykke til med resten av sesongen!
Takk for kampen! Foto: D.J.H.
Jens Olav Moe var kveldens gode dommar. Foto:D.J:H.
Publikum kosa seg både med ein underhaldande kamp, og med gode bakels med god graut.
Kiosken var open, både grauten og bakelsa smaka godt.
Knut Bergli sel kaffe til Einar Talgø. Foto: D.J.H.