Melding frå Nordmøre Mållag:
På årsmøtet i Nordmøre Mållag laurdag 15. mars mottok Astrid A. Aubert Målprisen for 2024. Ho fekk prisen for det store og viktige arbeidet ho har gjort for årboka «Du mitt Nordmøre» frå 2011 til 2024. I tillegg til diplom og heiderleg omtale får vinnarane eit keramikkfat med handmalt motiv, laga av Sigrid Hesjehagen, Halsa. Vi gratulerer med velfortent pris!
Etter valget er dette styret i Nordmøre Mållag:
Leiar: Ingrid Kjønnøy frå Fosna Mållag. Dei andre i styret er: Svein Sæter frå Surnadal Heimbygdlag, Ola Bjørn Nilsen frå Gjemnes Mållag, Marianne Følsvik frå Fosna Mållag og Einar Oterholm frå Halsa Mållag.