Fredrik Bruseth reiste til Amerika i 1889 for å berge familiegarden. Far hans, Christen Bruseth, var i økonomisk knipe og stod i fare for å måtte selge gard og grunn.
Under seminaret til Nordmøre mållag laurdag 8. februar i Stangvika fortalde Svein Sæter om «Gullkongen» Fredrik Bruseth og «Gullvillaen» – Rønnan. Sæter er ein eminent kåsør og forteljar, engasjert og kunnskapsrik.
Foreldra til Fredrik Bruseth, Elen og Christen, åtte garden Austigard. Familienamnet Bruseth er frå Todalen, Christen var frå Brusethaugen. Familien hadde store økonomiske problem og stod i fare for å miste garden. Fleire av ungane reiste til Amerika for å skaffe pengar til foreldra. Fredrik, yngste sonen, reiste til USA i 1889 og vidare til Alaska i 1893 for å leite etter gull og rikdom. I motsetning til dei fleste gullgravarane er Fredrik dyktig eller heldig og gjer i 1906 eit gedigent gullfunn i Eldorado Creek. Han sel 118,6 kg gull i San Fransisco, i dag ville dette ha ein verdi på ca. 100 millionar kroner.
Fredrik flyttar heim att til Stangvika, bygger praktvillaen Rønnan i 1907. Han støttar gode formål i lokalsamfunnet som veg inn til Todalen, gav orgel til kyrkjene i Todalen og Stangvik, støtta Roald Amundsen si ferd til Sørpolen og bygging av Bondehuset i Stangvika. Han var fasinert av Tyskland og Hitler og måtte etter krigen betale 375 000 kroner i bot til den norske staten.
Tor Erik Jenstad kåserte om stadnamn – opphavet til namn på fjell, gardar og grender. Hala er eit «terrengnamn» og er av dei eldste namna. Namn som endar –set er nyare, slik som Bruset. Han krydra kåseriet sitt anekdotar: «Gjørashaugen er laga av gamle juletre og kaffegrut!» Før kunne stadnamnettinga vere tilfeldig, no er dette lovregulert.
Karstein Mauset underheldt med fin song og musikk, tekster både av Hans Hyldbakk og Astrid Krog Halse.
Ingrid Kjønnøy, leiar i Nordmøre Mållag, ønskte vel møtt og var riktig godt fornøgd med at 33 interesserte kom på seminar. Medlemstalet har auka dei siste åra, og interessa for dialektbruk og nynorsk veks. No kan ein velje nynorsk utgåve av VIPPS! Nobelprisen til Jon Fosse er viktig, bøkene til Edvard Hoem er populære og til og med VG kan ha artiklar og innlegg på nynorsk. Nordmøre Mållag vart stifta i 1907, berre eit år etter stiftinga av Noregs Mållag.
Nordmøre mållag gjev ut tidsskriftet «Du mitt Nordmøre» kvar haust. Bjarne Øatbø frå Surnadalseidet og mangeårig rektor ved Surnadal ungdomsskule, var redaktør i mange år. Alle hefta er å finne på nett.
I pausen vart det servert middag – nydeleg suppe med kjøtt av elg og hjort og heimelaga saft til drikke. Betre kunne det ikkje bli! Måltidet vart avslutta med dessert – «Tilslørte bondepiker» med kaffe. Stor ros til Anita Land og Svein Sæter som ordna med maten!
Fleire bilete:

Rønnan – bygd av Fredrik Bruseth i 1907. Huset har hatt mange eigarar og var eit tid kollektiv for rusmisbrukarar. No er det Brit Dyrnes og Anders Askelund som eig huset. Foto: Dordi Jorunn Halle.