I kveld møttes dei to rivalane Søya/Todalen og Surnadal i klassen for gutar 12 år til kamp på Bordholmen. Dette er alltid spesielle oppgjer, då fleire på begge lag går i samme klasse, men spelar på ulike lag. Desverre for Søya/Todalen tok surnadalingane leiinga rimeleg fort ut i første omgang, og laga gjekk til pause med 2-5 til Surnadal.
Surnadalingane fortsatte måljakta i 2. omgang, og resultatet enda til slutt 6-12, med tre kjappe reduseringar for Søya/Todalen heilt på slutten.
Onsdag kl 18 er det ny kamp på Bordholmen, mellom G10 Søya/Todalen og Surnadal. Da med meir graut, og lunka bakels.