I kveld var det siste kamp i seriespelet for G12 laget Søya/Todalen. Dei møtte eit ungt Surnadalslag som dei bokstavleg tala overkjøyrde.
Gutane spela godt i begge omgangane, tildels med direkte ballkontroll både i forsvar og angrep. Tilslutt vart det ein overlagen seier; ca 14-4, i følge trenar Kristian Gjeldnes, då todalen.no sin utsendte tilslutt hadde mista tellinga…
Etter kvar kamp er skikken å takke for oppgjøret.
Ein godt fornøgd gjeng med vinnarar.