Vi står på det vi kan, og målet er å få til open veg forbi Kufalla til jul. Men vi veit ikkje om vi klarer det, for det er store mengder med fjell og anna masse som må vekk. Mykje meir enn vi rekna med da vi starta arbeidet, fortel mannskapet frå Vatn Maskinstasjon.
Da dei starta arbeidet med å skyte ut ny vegtrase forbi Kufalla vart det for stor belastning for gammelvegen som dermed svikta. Dette saman med at det var store mengder lausmasse har gjord at prosjektet var mykje meir omfattande enn dei trudde. Mellom anna er det transportert vekk rundt 120 dumperlass med lausmasse, og no pågår transport av stein og fjellmasse. Denne massen transporteres til Nordvik, der det skal monteres knuseverk i samband med utbygginga av det nye boligfeltet.
Arbeidet i Falla går no for fullt, og sprengningsarbeidet går no mot slutten. Så får tida vise om entreprenøren når målet, som er open veg forbi anleggsområdet før dei tek juleferie torsdag kveld. Medan arbeidet pågår i Kufalla er trafikken til Kårvatn omdirigert via omkøyringsvegen over Tjønnmyra.