Tysdag kveld blir det målardugnad på Bordholmen, melder Gudmund Kvendset i anleggskomiteen i T.I.L. Det er reiskapshuset som har fått eit facelift med ny bordkledning på vêrveggen, og no skal heile huset få eit strøk med måling. Dugnaden startar kl 17 – og sjølvsagt blir det dugnadskaffe.
Anleggskomiteen ordnar med utstyr som trengs til arbeidet og reknar med at vi skal nå over det meste på ein kveld.