Store mengder snøsørpe på vegane gjer at det er ekstremt dårleg føre. Vi oppfordrar folk til å ta det med ro og kjøre forsiktig, for du kan lett skjære ut og hamne utafor vegen. – Det har vore sluddbyger og regna jamnt utover dagen og det er heil uttruleg at det kan bli så dårleg føre.
Ein trafikant som kom frå Aure med bil no i kveldinga tykte det gikk greit til Surnadal, men vegen innover til Todalen var «under pari». – Så ta det med ro til brøytarane får brøyta ut sørpa frå vegen etter kvart…