For snart tre månader sidan var det Kløvertur i vårver med 12 varmegrader og sol. I dag, 11. mai, vart det tur i snøeliingar med skosnø og vebju. Men heile 11 turdeltakarar tok turen oppover skogsvegane på Kvennsetliene!

Rossåfossen i bakgrunnen. Frå venstre: Jorunn; Dordi F, Ester Karin, Helga og Sigrun. Foto: Dordi J H
Men uansett ver gjer det godt å koma seg ut og få bevege seg, og så er det kjekt å få ein prat, spesielt no når det er så lite sosial kontakt mellom folk og nesten ingen arrangement i lokalmiljøet.

Klare til start, frå venstre: Jorunn, Dordi F, Helga, Arndis, Helen, Ester Karin, Åse Johanne, Kari, Marit og Sigrun. Foto: Dordi J H
Turjentene gjekk litt forskjellige ruter, men møttest undervegs. Alle fekk prøve seg både på bratte motbakkar og unnabakkar! Det er viktig både for musklar og pust.
Det vart nok ein triveleg turdag, men vi håpar på betre ver neste måndag!
Fleire bilete: