Laurdag 5. mai blir det salg av maiblomster framfor Hals, både bilblomster, krans og pin. Sanitetskvinnene har seld maiblomster sidan 1909, og har skaffa over 200 millionar kroner til inntekt for folkehelsa. I år går inntekta til arbeid til beste for barn og unge landet over. Maiblomsteren er no i same fargedrakt som i åra 1979 til 1981, altså i retrostil.
Landet over sørger Sanitetskvinner for aktivitetar for barn som skulefrukostar, høgtlesing og drømmedagar for barn som har det vanskeleg. Når det gjeld unge, er kamp mot «skjønnhesttyranniet» eit satsingsområde, og her lokalt har Sanitetsforeninga nyleg vore med på det årlege treffet for russen for å legge grunnlag for ei trygg og god russetid.
Laurdag er det altså råd å få kjøpt maiblomster framfor Hals:
-Bilblomster – pris 50 kr
-Krans – pris 40 kr
-Pin – pris 50 kr
Ein betale med kontantar eller Vipps.
Så her kan du støtte ei god sak og kjøpe maipynt med meining!