Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Må til forhandlingsbordet med leieavtale

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. november 2024

Todalen idrettlag har hatt avtale om leige av Bordholmen sia 1946 – sist avtalen var reforhandla var i 1977.  No var det på tide å fornye avtalen, og på bakgrunn av reduserte idrettsaktivitetar  ønsker grunneigarane en avtalen med både kortare varigheit, og ein avtale med berre 2-årig oppseiingstid i staden for 3 år, slik det står i avtalen frå 1977. 

Dette var tema når Todalen I.L. arrangerte medlemsmøte i Ungdomshuset onsdag kveld.  Styret i TIL mente at kortare avtaletid vil kome i vegen for eventuelle søknader om tippemidlar, der det kreves 25-30 års avtaletid for å kome i betrakning med tildeling av tilskot – alt etter type prosjekt.  Grunneigarane vil at Bordholmen skal kunne drivast som før, men vil som sagt ha kortare avtaletid med tanke på aktivitetsnivået i laget.

Medlemsmøtet oppfordra styret i T.I.L. og grunneigarane til å møtast rundt forhandlingsbordet for å finna ei god løysing for begge partar. Grunneigarne kallar inn til første møtet for å få fortgang på forhandlingane. 
Elles vart det orientert om nærmiljøanlegget som er bygd på Bordholmen i sommar – her er det investert rundt 600.000, og det skal kunna drivast både sommar- og vinteraktivitetar der. No er det mesta klart for bruk – og skal stimulere både bulyst og trivsel.  Det står att å montere lysmaster og kople til vasslagen for å lage isbane.  

Først publisert: 13. november 2024, 21:24 - Sist oppdatert: 14. november 2024, 10:30