Langs stranda på Nordvik er det mykje trær og buskas i fjæra, som er etterlatenskaper etter ekstremvêret Gyda som var for eit par veker sia. No lurar Odd Arild Sande og fleire med han på om det er fleire plassar at fjæra er rota til, slik at det kanskje har vore formålstjenleg med ei koordinering av ryddeinnsatsen.
Elva Søya var skikkeleg flomstor, og det er kanskje sannsynleg at det er elva som har drege med seg trær og buskerut i sjøen, og at stormen i samhandling med flod og fjære som har frakta med seg dette innover i retning Nordvik.
Sande meiner at det kanskje er lyrt at den enkelte grunneigar sjekkar ut sitt område og at det blir organisert ein felles ryddeaksjon – eventuelt ved hjelp av kystverket, dersom behovet er stort.