Onsdag kveld møtte vi bokstaveleg talt huldra i Svanhild Husbys skikkelse. Det skjedde ved ei tilstellning ved Talgø utstillingssenter ved Storfossen i Brusetmarka. Talgø har denne veka samla sine tropper på salgsavdelinga, og «huldra» var innhyra som underhaldning denne kvelden. Det var ei kjempefin oppleving i praktfulle omgivelser og det var nok mange som fikk ein klump i halsen når huldra kom ned frå fossen og ut frå skogen.
Programmet var henta frå Huldredans som Svanhild har framført både i kulturhuset og ved tidlegare høve ved Talgø utstillingssenter i Todalen.