– Studiet har same kvalitet- og vurderingskrav som det 3-årige ordinære sjukepleiarstudiet, men sett kanskje enda større krav til sjølvdisiplin og planlegging, da dette går over fire år og kan kombinerast med andre gjeremål som jobb og familie, seier han.
Som student får ein tilgang til studiesenteret på Orkanger når det passar ein sjølv. Her kan ein møte andre studentar, invitere til kollokviegrupper eller lese til eksamen.
– Vi har også ein samarbeidsavtale med biblioteka i vår region som vil støtte våre studentar, opplyser Slupphaug.
Opptakskriterie
Alle med generell studiekompetanse kan søke om plass. Tidlegare karakterkrav i matematikk og norsk er tatt bort.
Ein kan også søke utan generell studiekompetanse, så lenge ein kan dokumentere nødvendig og relevant kompetanse gjennom erfaring i eksempelvis jobb, skule eller fritid. Dette kallast realkompetanse.
Søknadsprosess og finansiering
Ein søke studieplass til desentralisert sjukepleiarutdanning gjennom Samordna opptak. Det er to viktige fristar å forhalde seg til:
- 1. mars for søknadar basert på realkompetanse, og
- 15. april for dei med generell studiekompetanse.
– Du kan søke om støtte frå Lånekassen på lik linje med andre studie, understrekar Slupphaug.
Har du spørsmål?
Dersom ein lurer på om dette studiet kan vere noko? Treng ein hjelp til å søke? Eller har ein andre spørsmål? Da tek ein kontakt med Morten Slupphaug i TSL på e-post Morten.Slupphaug@orkdalsregionen.no eller telefon 450 27 211.
Ein kan også besøke Trøndelag Sørvest Lakseregionen si nettside