Fredag 1. mars klokka 18:00 – 21:00 inviterer Treffast Surnadal til swingkurs i Toneheim i Surnadal. Det er undergruppa «Kom å dans» som er teknisk arrangør av kurset, og kurset er for «nybegynnarar», så har du lyst til å lære deg swing, så er det berre å møte opp i Tonheim. Det blir servert kaffe og noko attåt heiter det i invitasjonen til kurset.
Det er Surnadal Hornmusikk som eig Tonheim, og har lånt bort dei flotte lokaler for at folk skal få lære seg swing.
«Kom å dans» har har samling på Surnadal frivilligsentral annakvar onsdag klokka 19:00 – 21:00 for alle danseglade, og her også blir det servert kaffe og noko attåt! Dans er viktig for helsa, fordi det er bra for kondis og hjerne heiter det i invitasjonen frå «Kom å dans».
Nybegynnerkurset på fredag 1. mars kostar 330,- kroner.
Laurdag 2. mars klokka 15:30 – 18:30 blir det arrangert forlenging av nybegynnarkurset, også det i Tonheim. Prisen for båe kursa er 500,- kroner. På laurdag blir det servert frukt, kaffe, smoothie og pizza.
Laurdag kveld klokka 19:00, etter at kurset er ferdig, blir det «Dans for alle» i Tonheim.