Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lyst til å bidra før eller under Todalsdagen?

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 1. juni 2024

Todalsdagen laurdag 29. juni er ei viktig inntektskjelde for Todalen Idrettslag. Sjølv om det meste er på plass til arrangementet, men om du har lyst til å bidra før eller under sjølve Todalsdagen, så er det fullt mogleg. 

Todalen Idrettslag treng nokon til å lage bakelsrøre og koke smørgraut. Så har du lyst til å bidra med ein av desse oppgåvene, så ta kontakt med kioskansvarleg Monika Klungervik på telefon 991 67 863, da blir ho så glad!

Det trengst også kioskvakter, så har du lyst til å hjelpe til i kiosken, tek du også kontakt med Minika!

Om det er andre oppgåver på sjølve dagen du har lyst til å bidra med som t.d.: 

  • Fotballdommar
  • Loddselgar
  • Grillmedhjelpar
  • Parkeringsvakt
  • Vakt Ræta opp
  • Eller anna

Da tek du i så fall kontakt med arrangementsansvarleg Elinor Bolme på telefon 901 96 268, og ho blir glad ho også!

Det blir også i år dugnad før Todalsdagen for å klargjere anlegget på Bordholmen stadion. Dag og tid for dette blir kunngjort seinare!


Først publisert: 1. juni 2024, 14:13 - Sist oppdatert: 3. juni 2024, 21:54