Surnadal Pensjonistlag arrangerer trivselskveld på Thon Hotel Surnadal onsdag 10.4. kl 19.00. Først får vi ein enkel middag i restauranten, før vi går til Gladlaksen for kaffe og dans til Trond Larsens kvartett. Pris kr 200,- for medlemmer i Pensjonistlaget, kr 300,- for ikkje-medlemmer. Påmelding til Jorunn tlf. 901 51 989 el. Grethe tlf. 908 54 752 innan 5. april. Vi trur det kan bli ein triveleg kveld i godt lag, melder styret i Pensjonistlaget.