Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lyspålane i lysløypa på Ørsal tekne ned og demontert

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 9. mai 2022

I løpet av helga har det pågått demonteringsarbeid av lyspålane i Todalen Idrettslag si gamle og nedlagte lysløype på Ørsal i Ørsalbukta. Det var Bjørn Kvendset, med gravemaskin med klip, som tok ned alle pålane. Ola H. Ansnes demonterte alle lysarmaturane og kablane imellom, slik at armaturen og kablane, no i kveld, kunne samlast inn for levering på godkjent søppeldeponi. 

 

Siste pålen klar for demontering av armatur og ledningar. Foto: Ola H. Ansnes

I kveld var folk frå Todalen Idrettslag kalla inn for å samle saman dei demonterte armaturane og kveile saman kablane. Alt saman vart lasta opp på hengar og frakta ned til garasjen på Ørsal, for vidare transport og levering derifrå. 

 

Kjekt med ATV med hengar, når ein skulle samle inn armaturane og kablane. Foto: B G Ansnes

Leiar i Todalen Idrettslag og for dugnaden, Elinor Bolme, var godt nøgd med at det møtte ti personar for å hjelpe til med dugnadsarbeidet, spesielt med tanke på det korte varslet, på berre nokre timar! Ho nyttar også høvet til å takke Bjørn Kvendset og Ola H. Ansnes for godt utført arbeid med å få demontert den gamle lysløypa. 

 

Bjørn tek ein av pålane, medan Markus er vegvakt. Foto: Elinor Bolme

Idrettslaget si gamle lysløype på Ørsal, som vart teken i bruk siste halvdel av sekstitalet, har stått ubrukt i mange år no, etter at den nye lysløypa på Tjønnmyra vart ferdigbygd og teken i bruk i 2013. Så da er det berre sjølve traseen som vitnar om at det ein gong har vore ei lysløype her. 

 

Ved hjelp av gravemaskin, gjekk jobben med å ta ned lyspålane raskt!. Foto: Elinor Bolme

 

Kveiling av kablar. Foto: Elinor Bolme

Publisert: 9. mai 2022, 19:24