I dag var det lysmesse i Todalen kyrkje, og bruken av lys prega sjølvsagt gudsteneste. Sokneprest Kristin Strand og konfirmantane laga ein stemningsfull innmarsj med levande lys, og med slukka lys i kyrkja. Konfirmantane hadde også ei hjelpande hand med i gudstenesta, og sørga både for tenning av lys og for lesing av inngangsord.
Under lysmessa var det også utdeling av biblar til 5.-klassingane i Todalen, og 2 av dei 3 femteklassingene var til stader og fikk kvar sin bibel, der Anders Gjeldnes sørga for utdeling på vegne av Todalen sokneråd. Dagens preken hadde som hovudtema førebuingane til Jesu fødsel.
Under førebuingane til dagens gudsteneste oppdaga vikarorganist Bernt Bøe at orgelet i kyrkja ikke virka. Men han mista ikkje fatninga av den grunn, og flytta berre med seg notebunken til pianoet som står i kyrkja, og dermed vart det musikk lell. Etter litt telefonering fikk han klarheit i at orgelet var under reparasjon, og det var garantert at orgelet skal fungere under konserten den 19. desember med P17-koret.
Neste gudsteneste i Todalen er julaften, måndag 24. desember kl 13 og nyttårsaften 31. desember kl 16.